Kortreist straum til heilelektriske ferjer

SFE <picture/>

I 2018 vann vi anbodet om å levere straum til verdas første heilelektriske ferjesamband Lote – Anda i Gloppen.

I anbodet var det krav om null -og lågutslepp av klimagassar. Dette oppfyller vi ved å levere opphavsgarantiar. Det vil sei at ferjene har sertifikater som garanterar at krafta er rein vasskraft frå Sogn og Fjordane.

Ved å byte frå diesel til straum, sparar Fjord1 miljøet for om lag 4100 tonn CO2. Fram til 2028 har ferjesambandet eit forventa forbruk på 40 GWh, som tilsvarar omlag 2500 husstander.

Vi er stolt av å bli valde, og at vi får bidra til den grøne omstillinga.