KVEN ER VI?

SFE <picture/>

SFE Kraft sel straum til deg, uansett kvar du bur i landet. Vi har hausta den fantastiske naturressursen straum i meir enn hundre år. Straumen vår er god nok som den er. Vi pakkar den derfor ikkje inn i gule prisar, feit skrift eller krydrar han med små bokstavar. Vi har heilt vanleg straum!

Den fantastiske, heilt vanlege straumen vår driv alt frå den minste, elektroniske duppedings til dei råaste el-bilane. Men det er ikkje i stikkontakta du merkar forskjellen - det er i kontakt med oss og på fakturaen din. Vi kan briljere (med måte sjølvsagt) at vi er blant TOPP 3 på kundeservice i vår bransje i heile 7 år!

Fortsatt ikkje overbevist?
Ta kontakt då vel! Vi kan det som er om straum, og gjerne litt til om du lurer. Vi gledar oss til å høyre frå deg! 

 
Fakta om oss:

  • Vi er 11 tilsette
  • Du finn oss på Sandane, i Førde og i Florø
  • Har omlag. 30.000 straumkundar 
  • Leverar straum i heile Norge
  • Dotterselskap av Sogn og Fjordane Energi (Søsken: SFE Nett og SFE Produksjon)