E-FAKTURA TIL ALLE

SFE <picture/>

Opplever du at det er blitt oppretta e-fakturaavtaler som du sjølv ikkje har oppretta i nettbank/mobilbank?
Her kjem ei kort forklaring på kva som kan ha skjedd.

 «E-faktura til alle» er ei teneste som du kan aktivere i nettbank eller Vipps. Om du klikker ja til denne tenesta blir det automatisk oppretta e-fakturaavtale til betalingsmottakarar du tidlegare har betalt til og som tilbyr e-faktura.

Om du ikkje har takka ja til denne tenesta i nettbanken, kan årsaka til at tenesta er aktivert vere at du har oppdatert Vipps. Når du oppdaterar Vipps på telefonen din blir denne tenesten automatisk satt til «på».

Banken din kan slå av denne tenesta om du ønskjer det. Då må du ta kontakt med banken din, og be om å få slått den av. Du må sjølv slette e-fakturaavtala etter at tenesten er slått av. Sletting av e-fakturaavtale gjer du i din eigen nettbank/mobilbank.

Skulle du ha fleire spørsmål rundt dette, oppmodar vi til at du tek kontakt med banken din, som kan hjelpe deg best mogleg.