Lukkeleg vinnar

SFE <picture/>

Julekalendaren til SFE Kraft skapar kvart år stort engasjement, og fleire tusen er med å svare på spørsmål kvar dag i desember. I fjor var det Halvard som blei den heldige vinnaren av hovudpremien – ein el-sykkel levert av den lokale sportskjeda Sport1 Chatlet Sandane/Nordfjordeid.

Perfekt timing
Halvard har venta ei stund på sykkelen sin, men det var stor stas når vi, saman med Chatlet sin eigne sykkelguru Stian, endeleg kunne overrekke den. El-sykkelen hadde perfekt timing for den nye-opererte vinnaren. - Eg er nyleg kne-operert, så dette kunne ikkje passa betre. Å sykle er perfekt opptrening, og med ein el-sykkel som kan hjelpe meg litt i oppoverbakkane er jo heilt suverent. No kan eg til og med sykle til hytta som ligg opp i høgget her, seier den glade vinnaren.

Lokal handel
Kvart år varierar premiane i konkurransen, men vi er bevisst på å handle lokalt når det er mogleg. Blant årets premiar kunne ein finne festivalpass til Malakoff og Countrytreff, lokale gåvekort samt andre premiar som var handla på lokale butikkar. Er det noko det siste året har lært oss, så er det kor viktig det er at vi legg handelen til eigen region. Dette oppmodar, og heiar vi på.

Med generelle spørsmål og automatisk trekninga åpnar vi for at alle kan vere med i konkurransen vår - kundar, tilsette, kjente og kjære over heile landet. Vi gleda oss til meir moro framover, så følg med.

Gratulerer til den heldige vinnaren, og tusen takk til det fine og serviceinnstilte næringslivet rundt oss – de er gull verdt alle saman!