Tips om byte av straumavtale

SFE <picture/>

Det er ikkje alltid like lett å finne fram i straum-jungelen. Det finnast utallege små, store, lokale og nasjonale straumleverandørar, og det finnast endå fleire straumavtaler. Det vi ofte opplever med kundar som har forlatt oss er at dei har fått eit tilbod som var for godt å seie nei til, som i ettertid viser seg å ikkje stemme. Det er heilt innafor å sjå om graset er grønare på den andre sida, men vi ønskjer også at du skal vere sikker på at vi vil det beste for deg som kunde. Vi har derfor satt opp nokre punkt vi håpar du tar med deg før du eventuelt vel å byte straumleverandør. Og hugs, vi er tilgjengelege for ein prat med deg på chat, telefon og e-post om du skulle ha behov for det. 

1. Ver kritisk
Ingen kan gje deg ein «bedre» avtale enn den du har hos oss, for det er ingen andre enn vi og du som har innsyn i kva straumavtale du har hos oss.

2. Samanlikne like avtalar
Sikre at du samanliknar like straumavtalar opp mot kvarandre, spotpris mot spotpris, fastpris mot fastpris osv.

3. Ikkje sjå berre på Kilowattprisen
Det er ikkje alltid i kWh-prisen dei store prisforskjellane ligg, men i fastbeløp, fakturagebyr og dyre tilleggsprodukt.

4. Les all tekst godt
Ikkje byt straumavtale utan at du har sett deg godt inn i alle vilkår, samt tekst med lita skrift.

5. Ikkje la andre ta valet for deg
Det finnast ulike samanlikningsteneste av straumavtalar, men det er alltid lurt å dobbelsjekke avtala godt før du byter - uansett kor godt den er rangert i ei slik teneste.

6. Det er lov å angre seg
Har du bytt straumavtale, men angrar deg – bruk angreretten din på 2 veker. Du kan alltid komme tilbake til oss.

7. Unngå lang bindingstid
Dobbelsjekk alltid om den nye straumavtala di har bindingstid. Dersom den har binding, sikre at avtala har gode prisar og vilkår - sommar som vinter.

8. Ta kontakt
Ring, chat, mail eller kom innom oss. Vi kan straum og gir deg eit ærleg svar på om vi fortsatt er det rette valet for deg.