Enkle måtar å spare straum

SFE <picture/>

Senk temperaturen
Ein av dei viktigaste, og kanskje mest undervurderte måtane ein kan spare straum på, er og ein av dei enklaste - senk innetemperaturen med 1 grad. For kvar grad ein senkar temperaturen inne, kan ein spare ca 5% av kostnadane til oppvarming. Tenk på dei romma du oppheld deg i - Kanskje du ikkje treng å ha varme på soveromma, men heller opne dørene for å sleppe inn varmen nokre timar før du legg deg?

Det er generelt anbefalt å ha en innetemperatur på 18-21 grader, men om det er vinter og kaldt så er det viktig med ein innetemperatur på minst 15 grader, slik at røra ikkje frys og sprekk. 

Kle på deg litt ekstra
Kle heller på deg enn av deg! La mormor sin heimestrikka gensar kome til sin rett. Ta heller på deg eit ekstra lag med kle framfor å skru opp varmen.  

Lat att gardinene
Trekk godt for gardinene i alle rom om natta eller når du skal reise vekk - dette reduserar varmetap.

Ta ein kjapp dusj
Det er ein god idé å droppe badekaret og heller ta ein kortare dusj i litt kaldare vatn. Ein skikkelig oppfriskar som reduserer straumforbruket. Etter oppvarming av heimen, går størstedelen av straumforbruket til oppvarming av varmt vatn. Med andre ord kan det vere mykje å spare. Det er også viktig å passe på at ein skrur kranen heilt igjen etter bruk - ein dryppande kran dryppe so mykje som 1 liter i timen! Pass difor på at kranen uansett står på kaldt vatn slik at du ikkje sløser med varmevatnet!

Vask og tørk kleda meir lønnsamt
Reduser bruken av tørketrommel, og tørk so mykje du kan på stativ eller snor. Fyll også opp både vaskemaskin og oppvaskmaskin heilt før du set på - maskina bruker like mykje straum om den er full eller halvfull. I tillegg kan ein redusere straumforbruket ved å vaske mykje av klesvasken på 30 grader. Vask derfor på lavare temperaturar når du kan!

Slå av det som ikkje er i bruk
Slå helt av elektriske gjenstander når dei ikkje er i bruk. I staden for å la TVen stå i standby, så skru den heilt av. I tillegg er det lurt å trekke ut stikkontakten på elektriske apparat når dei ikkje er i bruk.

Kjøl av maten
Kjøl ned maten før du set den inn i kjøleskapet, og avkjøl mat som er varm før du legg den i frysaren. På denne måten treng ikkje kjøleskapet og frysaren å bruke unødvendig mykje energi på å senke temperaturen grunna varm mat.

Bruk sparepærer
Invester i sparepærer framfor vanlege lyspærer, spesielt for utandørs bruk og i kalde rom. Vanlege lyspærer omdannar berre ca 5% av energien til lys, mens resten blir til varme. I ei sparepære blir 80% av energien brukt til lys, og dei varer mykje lengre enn vanlege lyspærer.

Reguler panelovnane meir effektivt
Vurder å investere i moderne, straumsparande panelovnar som har timer og kan variere mellom natt- og dag temperatur automatisk. Om du ikkje har anledning til å kjøpe heilt nye panelovnar, kan du alternativt kjøpe billegare timere som kan nyttast til panelovnane du allereie har heime. Desse set du enkelt og greit inn i stikkontakta di, og stiller inn sjølv.