Kva består straumrekninga di av?

SFE <picture/>

Når straumrekninga kjem håper vi alle at den er så låg som mogleg. Men visste du at berre 1/3 av straumrekninga di er knytt til den straumen du faktisk brukar?

Straumrekninga di består av tre delar: straum, nettleige, og skatter og avgifter til staten.
 
  1. Straum, er straumforbruket ditt, det du faktisk bruker i straum
  2. Nettleige, er det du betalar til det lokale nettselskapet som eig straumnettet for å få straum fram til bustaden din. Nettleiga består av ein fast del, og ein variabel del som er avhengig av forbruket ditt.
  3. Skattar og avgifter, er skattar og avgifter som straumselskapet og nettselskapet er pålagde å kreve inn på vegne av staten. Dette er avgifter som forbruksavgift på elektrisk kraft, meirverdiavgift og elsertifikat.