ELHUB - ein ny felles måledatabase

SFE <picture/>

Elhub er eit sentralt IT-system som skal effektivisere kraftmarknaden i Noreg. Frå februar 2019 vil all handtering av måledata, marknadsprosessar og meldingsutveksling om flytting og opphøyr finne stad på ein plass, i Elhub. Både netteigarar og straumleverandørar får no ein nøytral plass å forholde seg til vedrørande data som skal sendast og hentast, og alle aktørar blir behandla likt. 

Korleis påvirkar Elhub deg som kunde?

Elhub vil bidra til effektiv distribusjon av måleverdiar av høg kvalitet og betre utnytting av potensialet som ligg i dei smarte straummålarane (AMS) for både nettselskap, leverandørar og sluttkundar. Dei smarte straummålarane gir forbrukaren betre informasjon om eige forbruk, og gir ei meir nøyaktig avrekning slik at du som kunde vert fakturert for ditt faktiske forbruk. Ditt forbruk vert overført til nettselskapet for det aktuelle området du bur i, for deretter å bli sendt inn til Elhub innan kl 09:00 påfølgjande dag. Her vil kraftleverandøren få umiddelbar tilgang på det aktuelle forbruket. Elhub har høgt fokus på sikkerheit, og alle meldingar som vert sendt mellom dei ulike aktørane er krypterte, og tilgong på data er begrensa. Dette gir auka personvern og sikkerheit for deg som kunde.
Les meir om Elhub her

Elhub Web Plugin for sluttbrukar

Elhub Web Plugin er den delen av Elhub der du som sluttbrukar får tilgang til eigen informasjon om målepunkt med tilhøyrande måleverdiar og kontrakter. Her styrer kunden kven som skal ha tilgang til sine måledata, og det er kun sluttbrukar som kan sjå og endre informasjon gjennom Web Plugin. 
Logg inn til Web Plugin her