Webinar for bedrift 22.juni

SFE <picture/>

WEBINAR | 22. JUNI, KL 10.00 -11.00

Straumselskapa i Tussa, Tafjord SFE og Sognekraft har slått seg saman.
Du får eit innblikk i det nye selskapet og kva gode tankar vi har om nye produkt og tenester som skal hjelpe bedrifter til å ta smarte val. Du får møte den nye leiaren vår, og får vite meir om kva det betyr for deg som kunde at vi har fått eit større og meir spesialisert kompetanseteam.

Vi gleder oss til ein energifylt time der vi også lanserer vårt nye namn!

10.00   Velkommen
Camilla Blom - leiar bedriftsmarkedet

10.05   Når gode energier går i lag  
Øystein Vikingsen Fauske, Adm. dir
Namnslepp og presentasjon av det nye selskapet

10.15   Smarte bedrifter gjer smarte val
Camilla Blom,  leiar bedriftsmarkedet
Styrka fagmiljø, smart teknologi og gode produkt. Vi presenterer vår egenutvikla bedriftsportal som gir automatiserte løysingar som gjer bedrifta di smartare, meir energieffektiv og meir berekraftig. Få vite meir om proaktiv energiovervaking der vi kombinerer kostnader og moderne sensorteknologi.

10.30   Rykande fersk analyse av kraftmarknaden - prisar og prognoser
Margrete H. Hovde, Seniorådgivar kraftmarked
Olav Botnen, Senioranalytiker
Volue Insight
Med bakgrunn i historisk høge prisar i mai, gir vi deg eit godt overblikk over dagens prisbilde og kraftprisane i eit lengre perspektiv. Bli oppdatert og ta dei smarte vala.