Inn i det nye året med meir normale spotprisar for vinteren

SFE <picture/>

Det blei ein pangstart på det nye året, med ei kraftig auke i spotprisane i Norge. Spotprisen har meir enn dobla seg i forhold til prisane vi såg i desember. Framtidsutsiktene tilseier likevel at vi truleg vil sjå ein nedgong i prisane dei neste vekene.

Ikkje unormalt for årstida
I 2020 var kraftprisen unormalt låg grunna ekstreme nedbørsmengder, lågt forbruk og begrensa utvekslingskapasiteten til våre naboland. Så sjølv om prisauka har vore stor i starten av 2021, er ikkje prisnivået unormalt høgt for den kaldaste delen av vinteren som vi no er inne i. Markedet venter ein gjennomsnittlig spotpris for 2021 som er litt lågare enn kva vi reknar som eit «normalnivå».

Dette er sjølvsagt vêravhengig, men sidan vassmagasina i Norge framleis er betydelig fullare enn normalt, er faren for langvarige høge prisar sannsynlegvis liten i 2021. Men, i kulde-periodar som no, med høgt forbruk samt låg produksjon frå elv -og vindkraft, kan vi likevel tidvis sjå relativt høge spotprisar.

Det er sjølvsagt ikkje noko kjekt for verken deg som kunde, eller oss som kraftleverandør, når prisane er på det nivået vi ser no. Sannsynligvis vil vi ikkje sjå dei historisk låge prisane som vi gjorde i 2020, men prisane vil normalisere seg, og vi rådar difor kundane våre til å ha is i magen.