Straumavtalar for ein kvar smak

SFE <picture/>

Spot, fast, flytande, kampanje…? Det er lov å rive seg litt i håret og kjenne på at straumverden kan vere som ein jungel av uforståelege ord, uttrykk og avtaler. Her vil vi enkelt prøve å forklare forskjellane på dei ulike straumavtalane.

Spotpris gir deg moglegheita til å følge straumprisen time for time. Vi som kraftselskap kjøper straumen vår frå kraftbørsen Nordpool. Med spotpris betalar du det same som vi gjer for straumen, pluss eit påslag som inkluderar lovpålagt elsertifikat. Ei spotprisavtale kan samanliknast med ei berg og dalbane - du er med ned når prisen er låg om sommaren, og med opp igjen når prisen er høgare på vinteren. Påslaget er det som ofte skil kraftleverandørane frå kvarandre. La oss seie at du har SFE Spot hos oss, då betalar du det straumen kostar i nuet, f.eks 20 øre/kWh pluss eit påslag på 4,98 øre/kWh = 24, 98 øre/kWh. Dette er den mest kjøpte, og oftast anbefalte avtala i straumverden då den har vist seg å vere billigast over tid.

Fastpris er begrepet vi brukar når du kan binde straumprisen for ein avtalt periode, som oftast 1, 2 eller 3 år. Det å binde prisen er fint dersom du ønskjer å ha kontroll på kva straumprisen er til ei kvar tid. Det kan også vere lønnsomt dersom straumprisane blir høge om vinteren. Sei at du fastset prisen din på 35 øre/kWh, så går prisen opp på vinteren til 60 øre/kwh, då betalar du framleis 35 øre/kwh fordi prisen er fast. Det same gjeld då også sjølvsagt om prisen går ned på sommaren. Så du får ein meir forutsigbar straumfaktura. Dersom du har eit jamt straumforbruk, vil faktura kunne vere tilnærma lik gjennom året. Dog må ein vere obs på at dersom straumforbruket aukar, som det ofte gjer på vinteren når ein har på meir lys og varme i hus, vil fakturaen kunne bli høgare. Ikkje på grunn av straumprisen, men på grunn av forbruket. Det kan vere greit å merke seg at dersom du ønskjer å endre avtala i den avtalte perioda kan det medføre bruddgebyr. 

Standard variabel er ei avtale der prisen vert sett av oss i forhold til prisutviklinga i marknaden. Det er ein fastsett pris for ein periode, utan påslag. Perioden kan vere alt frå 2 veker til fleire månadar. På denne avtala får du uansett prisendringsvarsel 14 dagar før endringa trer i kraft. Dette skjer gjerne på heimeside og miside. Med 14 dagar endringstid har du tid til å bestemme deg for om du ønskjer å følgje den nye prisen, eller om du ønskjer å hoppe av og endre straumavtale. Dette er tradisjonelt sett den vanlegaste avtala, men krever at du følgjer litt meir med i prisendringar enn for avtalar som f.eks fast eller spot.

Kampanjeavtaler er eit samlegrep vi kan bruke for dei avtalene som har ein gitt pris og/eller vilkår i ein gitt periode. Fleire av desse avtalene kan vere kjempegode, men altfor ofte er dei kjempegode av ein grunn. Det er derfor viktig at du les alt med lita skrift, sjekkar bindingstid, kor lenge du er lova den aktuelle prisen og vilkåra, samt kva avtale du blir sett over på når kampanjen er over. Sjekk også alltid om det er tilleggstenester lagt til som ikkje er relevant for deg.

Dersom du fortsatt skulle vere i tvil, eller ynskjer å snakke med ein av oss om straum og straumavtalene våre, då er du hjertelig velkommen til å kontakte oss på telefon 57 88 47 47, kundesenter@sfekraft.no eller chatte med oss her på heimesida vår.