Vi har fått med Sognekraft på laget!

SFE <picture/>

Kraftkonserna Tussa, SFE, Tafjord starta hausten 2020  eit samarbeid om framtidig straumsal i eit nytt felleseigd selskap. No tiltrer Sognekraft partnarskapet, og blir ny deleigar i lag med dei tre andre. Med over 100.000 straumkundar og ambisjonar om vekst, tek vi opp konkurransen med dei store aktørane på marknaden..

Ei felles satsing innan straumsal legg til rette for god kundeservice og konkurransedyktige prisar. Samstundes ser vi fordelane med å få eit sterkare fag- og kompetansemiljø slik at vi kan utvikle framtidsretta produkt og tenester. Målet er å auke meirverdien for kundane våre. Du som allereie er kunde hos Tussa, Tafjord, SFE eller Sognekraft vil ikkje merke noko stor skilnad i starten. Du vil framleis få straumfakturaen frå det selskapet du høyrer til.

I pressemeldinga si torsdag seier adm. Direktør Terje Bakke Nævdal i Sognekraft følgjande: – Vi er no fire aktørar med sterke, lokale merkevarer som skal samarbeide tett. Dette blir eit knallsterkt lag som vil gje oss auka kraft til å utvikle Sognekraft vidare, og såleis sikre eksisterande arbeidsplassar og vonleg skape nye.

Han understrekar at samarbeidet berre omhandlar den delen av verksemda som har med straumsal å gjere.

– Vi endrar strategien vår frå å stå åleine om straumsal til å gå inn i eit større fellesskap til det beste for kundane våre, fordi vi såleis vil styrka konkurransekrafta vår. Straumbransjen står framfor store endringar som følgje av digitalisering, og her vil vi vere i front. Dette gjer vi best saman med SFE, Tussa og Tafjord. Gjennom dette selskapet får vi eit langt sterkare fag- og kompetansemiljø for utvikling av framtidsretta produkt og tenester, seier Terje Bakke Nævdal.

I same pressemelding utrykkjer styreleiar i det nye straumselskapet, Erik Espeset stor glede over at Sognekraft også har blitt ein del av satsinga: - Vi er glad for at Sognekraft ville vere med i det nye selskapet. At Sognekraft no vert med i partnarskapet stadfestar at vi andre har gjort rette val på vegen, og at partnarskapet er ei konkurransedyktig plattform for vidare strategisk utvikling.