Ringverkanadar utover reint vatn

SFE <picture/>

I januar 2020 startar arbeidet med å bygge sju nye brønnar, samt rehabilitere to brønnar i Tsholotsho i Matabeleland, Zimbabwe. Målet for denne perioden er at 12 000 menneske skal få tilgong på reint vatn.

Ein stor forskjell
For åtte år sidan inngikk vi samarbeid med Plan Norge og arbeidet med å bygge brønnar og skaffe reint vatn i Sierra Leone. I seinare tid har vi fortsatt arbeidet hos San-folket i Zimbabwe.Vi er så stolt av at vassprosjektet no har bidratt til at 19 lokalsamfunn og over 27 000 menneske i Sierra Leone og Zimbabwe har fått tilgong på reint vatn og fått ein sterkt forbetra livssituasjon. Det er fantastisk!

Positive ringverknadar
Reint vatn i lokalsamfunnet har store ringvirkninga utover helse og hygiene. Ofte er det kvinner og unge jenter som må gå langt for å hente vatn, noko som kan hindre at jenter får gå på skule. Tal frå Verdensbanken viser at for kvart år ei jente får gå på ungdomsskule, aukar potensiell inntekt med 15-25 prosent. Det betyr at ho kan gi familien meir og betre mat, betre helsetenester og skulegong til borna. Jenter som får fullføre ungdomsskulen giftar seg også seinare og får færre og friskare born.

Les meir om samarbeidet på nettsida til Plan Norge.