Forskjellen på kraft -og nettselskap

SFE <picture/>

Kva er eigentleg forskjellen på eit kraftselskap og eit nettselskap? Veldig kort fortalt har nettselskapa monopol, og kan derfor ikkje bytast vekk. Kraftselskapa sel kun straumavtaler, og har ikkje noko med nettleiga å gjere. 

Nettselskapa fraktar straumen gjennom straumlinjer frå der straumen vert laga og fram til huset ditt. Dei bygger og vedlikeheld linjer, og overvakar nettet 24/7 heile året for å passe på at alle har straum.

Nettselskapa har monopol på kvar sine geografiske områder. Utan monopol, hadde vi hatt fleire parallelle straumlinjer som konkurrerte om kundane og det hadde ikkje vore praktisk. Sidan dei har monopol, kan du ikkje byte nettselskap.

Kraftselskapa kjøper straum frå straumbørsen NordPool og sel denne vidare til deg. Kraftselskapa tilbyr ulike straumavtaler, tilpassa deg og ditt forbruk. Ein skil dei ulike straumavtalene i spotpris, fastpris -og standard straumavtaler. 

Nokre kundar får ein faktura frå nettselskapet og ein frå kraftselskapet. Andre får ei samla faktura frå kraftselskapet, der både nettleige og straumavtale er med. Uavhengig av kva ordning du har, er det greitt å hugse på at kraftselskapet ditt ikkje har noko med nettleiga å gjere.

Nettleiga er prisen du betaler for å få frakta straumen fram til huset ditt. Ein del av nettleiga er fast, medan den andre delen er avhengig av kor mykje straum du brukar. Nettleiga skal gje nettselskapet inntekt nok til å dekke transport av straum, gitt effektivt drift, utnytting og utvikling av nettet. 

Det er Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) som bestemmer kor høg nettleige dei ulike nettselskapa tar. Ein faktor som påverker nettleiga, er kor mange kundar det er å dele kostnadane på i det aktuelle området. Ein anna faktor er geografien i området, til dømes om det er mykje fjordar og fjell som gjer det meir kostbart å bygge og vedlikehalde linjenettet.

Området vårt lokal har ein utfordrande geografi, kombinert med få innbyggarar og derfor har vi ei høg nettleige samanlikna med byområder. Om nettleiga skal vere lik for heile landet, er eit politisk spørsmål. SFE Nett er eitt av fleire selskap som har jobba mykje opp mot styresmaktene, for å få endra systemet for nettleige. Dei meiner at nettleiga bør vere lik, uansett kor i landet du bur.