Våt vinter gir låge prisar

SFE <picture/>

Uvanleg mild og våt vinter i Norden har gitt særs låge kraftprisar i starten av 2020. Ekstreme nedbørsmengder har medført at vi no truleg vil ha rikeleg med vatn i norske og svenske vassmagasin ut heile 2020 – dette kan vi sjå att i marknadsprisane på straum framover. Slik det ser ut no vil straumprisen i Norge kunne ende rundt 20 øre/kWh (før mva.) for heile 2020 i gjennomsnitt.  Vi må tilbake til våt-året 2015 (ca 19 øre/kWh) for å finne like låge straumprisar.

Generelt har den milde og vindfulle vinteren i Europa gitt lågt elektrisitetsforbruk og høg produksjon av vindkraft, og dermed låge straumprisar også i andre europeiske land. Vêr og vind er uforutsigbart, og ting kan endre seg kjapt, men utsiktene for norske straumforbrukarar ser hyggeleg ut akkurat no!

 - Ole Marius Gloppestad, Kraftanalytiker i SFE

Energi Norge har også uttalt seg om dei låge prisane vi ser i vinter, det kan du lese meir om her.