Historisk høge prisar i mai

SFE <picture/>

Etter eit spesielt år i fjor med mykje nedbør, snø til langt ut på sommaren og rekordlåge straumprisar, har vi hittil i år hatt ei heilt anna utvikling. Det har vert periodar med lite nedbør, lite vind og kjøleg luft. Dette har vore med på å redusere overskotet av vatn i dei norske og svenske kraftmagasina.

På veg inn mot sommaren kan vi sjå at kraftsystemet i Norden har vore tilnærma normalt, når det kjem til vassressursen. Det som er spesielt i år er at vi ser eit tydeleg skilje mellom spotprisane nord og sør i Skandinavia.

Nord for Sognefjorden er prisområda NO3 og NO4 kraftig påverka av energioverskot i Nord-Skandinavia.  Overskotet er ei følgje av det felles norsk-svenske fornybarmålet om å auke kraftproduksjonen med nærare 50 TWh per år fram til 2021. Mykje av denne produksjonen er no bygd ut som vindkraft i Nord-Norge og Nord-Sverige. Dette har ført til energioverskot i desse områda, og dermed lågare prisar på straum, samanlikna med prisområda i Sør-Skandinavia.

I Norge har spotprisen på kraftbørsen i gjennomsnitt vore på rundt 30 øre/kWh dei siste 8-10 åra.  I fjor var snittprisen under 10 øre/kWh, og for heile 2021 ser den ut til å blir på rundt 40 øre/kWh i Midt-Norge (NO3) og rundt 50 øre/kWh for Vestland/Bergen (NO5).  Dette er basert på spotprisar hittil i år og forventningane til resten av året.

Men er det noko vi ikkje kan styre, så er det vêret. Så skulle det komme eit omslag til vestavêr i form av regn og vind seinare i sommar kan vi sjå eit betydeleg fall i spotprisane. Men held høgtrykksvêret fram med varme, lite vind og lite nedbør, vil dette kunne gi prisane eit løft.

Kraftanalytikar i Sogn og Fjordane Energi, Ole Marius Gloppestad