Fortsatt utsikter for låge straumprisar

SFE <picture/>

Allereie uvanleg låge straumprisar i vår på rundt 10 øre/kWh eks. moms, vart avløyst av historisk låge prisar i sommar!

I gjennomsnitt har straumprisen vert på omlag 1,5 øre/kWh i Sør-Noreg og 3 øre/kWh i Midt-Norge for juni og juli. Årsaka til dei låge prisane er store mengder med snøsmelting og regn, noko som har gjeve eit kraftig overskot av vasskraftproduksjon.

Med sommaren på hell, går vi inn i hausten med fulle vassmagasin i Norge. Dette vil sannsynlegvis halde prisane relativt låge også i haust og komande vinter. I terminmarknaden for straum, ser vi prisar rundt 15 øre/kWh for resten av 2020 i gjennomsnitt for landa i Norden. Lokalt i Sør- og Midt-Norge kan vi vente ytterlegare 1-2 øre/kWh lågare prisar.

Utsiktene for forbrukarane er difor hyggelege for komande halvår. Men som vi alle veit, vêr og vind svingar fort, og ein tørr haust kan fort gje eit løft i prisane for komande vinter.

- Ole Marius Gloppestad, Kraftanalytiker i Sogn og Fjordane Energi AS