Felles satsing innan straumsal

03.07.2020

Pressemelding 03.07.2020

Dei tre energikonserna TAFJORD, SFE og Tussa planlegg eit felles selskap for straumsal til privat- og bedriftsmarknaden i regionen.

Selskapa er lokalisert i Ålesund, Sandane og Ørsta. Konsernsjefane i TAFJORD, SFE og Tussa har stor tru på det regionale samarbeidet, og meiner det vil kome både selskapa, kundane og eigarane til gode.

- Vi er tre sterke, lokale merkevarer som no skal samarbeide tett. Ei felles satsing innan straumsal legg til rette for god kundeservice, konkurransedyktige prisar og auka lønsemd. Samstundes ser vi store føremoner med å få eit sterkare fag- og kompetansemiljø slik at vi kan utvikle framtidsretta produkt og tenester. Målet er å auke meirverdien for kundane våre, seier konsernsjefane i TAFJORD, SFE og Tussa.

Sterk lokal forankring
Å framleis ha sterk lokal forankring er ein viktig del av strategien, og dei tre lokale merkenamna vil bestå.

- Sjølv om vi no planlegg eit regionalt samarbeid, vil det vere like viktig som før å vere til stades i lokalsamfunna våre, både med kundeservice og arbeidsplassar. Kundane skal framleis vite kvar dei finn oss, seier konsernsjefane.

Det er konserna sine selskap som driv sal av straum til privat- og bedriftsmarknaden som no skal samarbeide. Dette er selskapa Tafjord Marked, SFE Kraft og Tussa-24. Dei resterande selskapa i dei tre konserna er ikkje omfatta av samarbeidet og vil halde fram som før.

For meir informasjon:
Erik Espeset, konsernsjef i TAFJORD – mobil 905 20 033
Johannes Rauboti, konsernsjef i SFE – mobil 916 45 264
Elling Dybdal, konsernsjef i Tussa – mobil 918 52 540